Musikkproduksjon B: mellonivå


For deg som har produsert eller laga musikk før og no vil ta det nokre steg opp. Som elev på Musikkproduksjon B skal du læra å arrangera og utvikla dine musikalske idear slik at dei høyrest meir profesjonelle ut.


VIKTIG INFORMASJON


  • Du kunna grunnleggande musikkteori frå før
  • Du må ikkje spela eit instrument
  • Du  kunna bruka eit musikkdataprogram og grunnleggande musikkproduksjon frå før: lydopptak, midi-redigering, lydredigering, automasjon, og effektar som reverb, delay, eq og distortion
  • Du er hjerteleg velkomen uansett kva sjangar du likar


Musikkproduksjon B er for deg som har produsert eller laga musikk før. Kanskje har du spelt eit instrument eller produsert i nokre år, eller går musikklinja på vidaregåande og vil kunna laga musikk meir sjølvstendig.


I løpet av kurset kjem du til å produsera ulike sjangrar, frå loop-basert musikk som hip hop eller edm, til singer songwriter, pop, ambient, electronica, osv. Du kjem til å læra både avanserte produksjonsteknikkar, meir avansert musikkteori tilpassa produksjon, meir avansert lyddesign, og fordjupa deg meir i miksing og mastering, uansett kva daw du bruker.

Kurset er delt i to semester, med 12 dagar per semester. Undervisninga er ein dag i veka, 1 time per dag. Du kan søka per semester eller kvartal. Sjekk prislista.

Haustsemesteret går frå august til januar.
Vårsemesteret går frå januar til juni. 

Viss du har musikkferdigheiter frå før, men aldri har brukt ein daw, er du nødt til å læra dette på førehand før semesterstart. Du kan gjera dette på eigahand, ved å bestilla nokre privattimar hos oss, eller delta i workshopen "Innføring i musikkproduksjon", som kjem til å bli arrangert før skulestart.

I timane treng du berre ein laptop og headset. Det er kjekt om du har midi-keyboard, lydkort, og mikrofon, men det er absolutt ikkje nødvendig.

*Minst tre påmeldte for at kurser vert gjennomført.