Musikkproduksjon A: nybegynnar


Kanskje du kan synga, rappa, eller spela eit par grep på gitar, men har aldri klara å laga ein full song. For deg som vil starta å produsera din eigen musikk, men har lite eller ingen erfaring frå før. Som elev på Musikkproduksjon A skal du gå frå idé til låt.


VIKTIG INFORMASJON

  • Du må ikkje kunna musikkteori frå før
  • Du må ikkje spela eit instrument
  • Du må ikkje kunna bruka eit musikkdataprogram frå før
  • Du er hjerteleg velkomen uansett kva sjangar du likar

I løpet av kurset kjem du til å læra deg å bruka ein daw (digital audio workstation), og produsera ulike sjangrar, frå loop-basert musikk som hip hop eller edm, til singer songwriter, pop, ambient, electronica, osv. Du kjem til å læra både produksjonsteknikkar, opptaksteknikkar, grunnleggande musikkteori tilpassa produksjon, lyddesign, og enkel miksing og mastering.

Kurset er delt i to semester, med 12 dagar per semester. Undervisninga er ein dag i veka, 1 time per dag. Du kan søka per semester eller kvartal. Sjekk prislista.
Haustsemesteret går frå august til januar.
Vårsemesteret går frå januar til juni. 

Når det gjeld utstyr, er det viktig for Stord Lydskule at kurset skal vera tilgjengeleg for alle, og læraren kjem difor til å bruka den gratis softwaren Waveform Free i timane, eit fanstastisk og fullustyrt program som gir oss like mange moglegheiter som dei dyraste alternativa i markedet. Om du allereie eig ein annan software, kan du gjerne bruka den.

Du treng difor berre ein laptop og headset. Det er kjekt om du har midi-keyboard, lydkort, og mikrofon, men det er absolutt ikkje nødvendig.

*Minst tre påmeldte for at kurser vert gjennomført.