Live performance 

i Ableton Live


Live performance i Ableton Live gir deg ferdigheiter og verktøy som opnar nye moglegheiter for å framføra på ein scene, og komponera på ein meir spontan og improvisatorisk måte. Me skal gå veldig grundig gjennom midi, mapping, sequencing, looping, triggering, randomness, og Abletons fantastiske session view.

Kan du spela eit instrument, synga, rappa, dj, eller jobba med livelyd, men lurar på korleis ein kan loopa live, utløysa og modulera clips, og bygga ein setup med både analoge og digitale verktøy? Då er denne workshopen for deg.

Live performance i Ableton Live fokuserer på akkurat det, å gi ferdigheiter og verktøy som opnar nye moglegheiter for å framføra på ein scene, og Ableton Live er den perfekte softwaren for akkurat det. Om du ikkje eig Ableton, tilbyr dei ein 30-dagars prøveperiode.

Me skal jobba både med digitale og analoge verktøy, men det viktigaste er at me skal jobba med dei verktøya du har tilgjengelege, slik at du får erfaring med din eigen setup.

Det passar perfekt for elevar på musikklinjer, kulturskular, livelyd-entusiastar, bandmedlemar, og musikarar generelt.

Lengde på workshopen kan variera frå få timar til fleire dagar. Jo meir tid, jo grundigare kan me gå. Me kan tilpassa lengden og innhaldet slik at den møter dine behov. Ta kontakt for å informera oss om desse og høyra om pris.


Oppsummering:

  • Fokus på å gi ferdigheiter og verktøy som opnar nye moglegheiter og gir tryggleik på scenen
  • Passar for musikklinjer, kulturskular, livelyd-entusiastar, bandmedlemar, og musikarar generelt
  • Ableton Live (mogleg å bruka 30-dagars prøveperiode)
  • Tilpassa innhald