Workshops: hausten/vinteren 2024
Hei alle saman!
Hausten/vinteren 2024 skal eg arrangera to ulike workshops, den eine med fokus på musikkproduksjon, den andre på miksing.
"Innføring i musikkproduksjon" er for dei som aldri har jobba med musikkproduksjon før, eller har veldig lite kunnskap, og vil prøva seg på dette vakre faget. Me skal bruka Ableton Live, som har ein gratis prøveperiode på 30 dagar.
Me kjem til å starta frå scratch: korleis å bruka programmet, ta opp lyd, gå gjennom veldig grunnleggande musikkteori og rytmeteori for å kunna byrja å laga musikk med ein gong, bruka samples, MIDI og dei viktigaste effektane.
Du treng ein laptop og headset. That's it!
"Innføring i musikkproduksjon" skal skje laurdag 30.november 2024 kl.10, den skal vara ca. 3 timar, og best av alt, han er GRATIS!! 🤩
"Miksing" er for dei som har lyst til å få musikken dei jobbar med til å låta meir profesjonell ut. Workshopen passar både for nybegynnarar og erfarne. Eg kjem til å visa eit prosjekt, og gå gjennom miksen min frå start til slutt: trommer, bass, harmoniske og melodiske element, vokalar, effektar, miksbussen, osv. Deltakarane skal ha tilgang til lydfilene slik at dei kan jobba med den same songen heima, og bruka teknikkane me har gått gjennom i workshopen.
Songen me skal bruka i workshopen er Households av Gloria Anderson, ein vakker americana song som skal gi oss moglegheit til å fokusera på varme, klarhet og tekst. Du kan bruka desse teknikkane i kva som helst musikksjanger og software.
Du treng ikkje å ta med noko.
Her kan du samanlikna songen etter miksing og før miksing:
"Miksing" skal skje laurdag 14.desember kl.10, den skal vara ca. 5 timar, og kostar 450nok.
*Workshopane er i utgangspunktet for vaksne, men om det er nok interesserte som er under 18 år, so kan det arrangerast for denne målgruppa òg. Berre ta kontakt og gi beskjed.
Høyrest dette spanande ut?
So bra! Då er det berre å melda seg på. Det er begrensa plass i studio (Leirvik sentrum), so best å gjera det so kjapt som mogleg.
Har du nokre spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt: kontakt@stordlydskule.no / 98081297
Vil du melda deg på? Fyll ut fylgjande skjema: