Ofte stilte spørsmål

1. Kva er forskjell mellom Musikkproduksjon A og B?

Når det gjeld fagplan er begge kurs ganske like, forskjellane er at A er designa for dei som har ingen eller lite erfaring, mens B er for dei som allereie har brukt ein daw og har grunnleggande kunnskap i musikkteori.

2. Må eg kunna spela eit instrument frå før?

Absolutt ikkje. Både Musikkproduksjon A og B er designa for at dataen er det du treng. Det er veldig kjekt om elevane kan spela eit instrument, men ikkje nødvendig.

3. Kva er aldresgrensa/aldersgruppa for kursa og workshopane?

Stord Lydskule er retta både mot ungdom og vaksne. Idéen er å laga ulike klasser og setta saman folk i like aldersgrupper, men dette er avhengig av søkarane. Om det blir ein merkbar forskjell i alder mellom elevane, skal me informera dei det gjeld på førehand.

4. Angrerett/Prøveperiode

Me tilbyr ein prøveperiode på 2 undervisningsdagar. Dette vil seie at du kan få 100% refusjon so lenger du gir beskjed før den tredje undervisningsdagen. Dette gjeld berre kurs Musikkproduksjon A og B.
Kontingenten må betalast før fyrste undervisningsdag.

5. Kor skal undervisninga føregår?

I studio ruio.records, i Leirvik sentrum.

6. Skal undervisninga vera om morgon eller på kveld?

Det skal vera mogleg å ha kurs og workshops både om morgon og på kveld. Det er avhengig av etterspørsel.

7. Må eg betala fullpris om eg starta seinare?

Nei. Du får ein pris som gjeld frå den dagen du startar.